Silje Syse, Syse glas

I Ulvik, heilt innst i Hardanger, mellom fjord og fjell, blant epletre og sau, ligg Syse Glas, glasblåseriet til Silje Syse. Her starta ho opp hausten 2015 i dei gamle lokala til Coop i lag med turistinformasjon og ein keramikar. 

Ynskjer du å ta ein tur innom, finn du Syse Glas i Tyssevikvegen 11 i Ulvik sentrum. Her er det glasblåseri og utsal i eitt, så handleopplevinga vil kunne inkludere lukta av brent avispapir, vått tre og bivoks frå produksjonen, varmen frå ovnen og, ikkje minst, å få sjå glaset hå frå glødande klump til ferdig produkt.

Ved sida av å vera glasblåsar er Silje eplebonde, slik ein gjerne er når ein bur i Hardanger, så dersom eplehausten er god og travel, hender det glasblåsinga må vika prioritet for eplene nokon veker i september.

Silje lærde å blåse glas hjå Stine Hoff i Bergen der ho var lærling frå 2006 til 2009. Frå fyrste dag på jobb,  var ho 100% sikker på at rett yrke var funne. Det er den perfekte kombinasjonen av fysisk arbeid, detaljar og kreativ utfolding.

Syse Glas er eit «one woman-show» der Silje åleine står for både design og produksjon i tillegg til alt det andre. Ho let seg inspirere av naturen og kulturen i Hardanger og driv mykje med gravering av Hardangersaum og dekor med bunadsperler. I tillegg er Silje veldig glad i fargar, så sjansen for at du vil finne eit glas, ein vase, ei skål eller ei mugge i din favorittfarge er stor.